Kommentar

USA overlever Donald Trump

Rykta om borgarkrig i USA vil syna seg sterkt overdrivne. Landet overlever Trump-perioden med god margin, takk vera verdas eldste gjeldande grunnlov.

Publisert

Eg var ikkje gamle karen den gongen eg var elev på ein skule i Pittsburgh i Pennsylvania. Ein gamal lærar – han kan ha vore 40 år – fortalde om USA. Då eg spurde om kvifor ting var slik og slik, svarte læraren: Det er slik fordi Grunnlova seier at det er slik.

Timen der eg blei fortald om den amerikanske grunnlova, har følgt meg i alle år etter. Det at grunnlova er så viktig i USA, heng sjølvsagt saman med måten landet blei til på. USA er ikkje ein tradisjonell europeisk nasjonalstat, der det meir eller mindre er sjølvsagt at ein skal halda saman. Då krigen mot britane var vunne i 1783, var kvar av dei 13 koloniane i prinsippet sjølvstendige statar. Fyrst med grunnlova frå 1789 blei USA til ei normal statsdanning. Utan grunnlova – ho som tek til med orda «We the people» – hadde USA ikkje eksistert i dag.

Det er ikkje tilfeldig at teksten i denne grunnlova ikkje kan endrast. Rett nok kan dei folkevalde vedta grunnlovstillegg, dei såkalla amendments, men sjølv det har det vore få av. Berre 27 grunnlovstillegg er i kraft i dag. Til samanlikning har det vore 315 endringar av den norske grunnlova. Med konstitusjonen som grunnlag har USA kome seg gjennom periodar med opprivande indre konfliktar. Den einaste gongen det verkeleg gjekk gale, var då sju sørstatar gjekk ut av unionen i 1861. Etter at sørstatane kapitulerte 9. april 1865, blei samlinga rundt den amerikanske grunnlova enda sterkare.

Borgarkrig for døra?

Dei siste par vekene føre presidentvalet no i november kunne det sjå ut til at ein del USA-ekspertar her på berget ikkje var heilt medvetne om i kor stor grad grunnlova bind det amerikanske samfunnet saman. Fleire snakka om at ein ny borgarkrig stod like for døra. Til dømes sa professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Tore Wig, til nettstaden Filter Nyheter no i haust at det «verken er en overdrivelse eller overforenkling når flere nå snakker om at borgerkrig i USA kan bli en realitet».

Så kom valdagen og oppteljinga av stemmer. Alle som følgde med på amerikanske fjernsynsstasjonar, kunne sjå kor samvitsfullt det blei arbeidd. Fleire delstatar som republikanarane hadde styrt i mange tiår, svinga over til demokratane. Resultata blei kunngjorde av upartiske tenestemenn, heilt i samsvar med den amerikanske grunnlova.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement