Kommentar
Universitet med to sji kt vitskapleg tilsette
OsloMet står i fare for å utarme norsk språk og fagkultur og byggje ned kompetansen HiOA har hatt.
Oppunder 20 universitet kringom i verda markerer at dei er storbyuniversitet – men dei skriv «metropolitan» heilt ut, og lagar ikkje ei maniert påfunn av å setje stor bokstav midt i namnet, ein heilt unorsk tradisjon.
Diverre har departementet gått imot Språkrådet og alle andre som har protestert. Mange vil lett seie seg samde med pedagogikkprofessor Oscar Amundsen, som i Aftenposten 16. januar skreiv: «Navnet OsloMet kan leses som et symbol på en nærmest drømmeaktig orientering vekk fra det norske samfunnet.»
Namnet skal visstnok òg stå for ein ny og unorsk tilsettingspolitikk. Det er vanleg overalt å krevje doktorgrad for tilsetting ved universiteta. Dermed strevar ein i profesjonsutdanningar, som må ha tett band til praksis – lærarutdanning, sjukepleie, fysioterapi, mediefag, jamvel ingeniørfag – med å balansere teori og praksis gjennom omfattande samarbeid med institusjonane dei nye kandidatane vert utdanna for. Få tilsette er både teoretisk og praktisk sterke, så det må lagast miljø for kombinasjonen, og praksislærarar må integrerast i miljøet.
Føresetnaden for dette er gode norskkunnskapar og innsikt i norsk skulesystem, helsevesen og andre institusjonar og verksemder studentane skal verke i. Men dette er ikkje naudsynt, meiner rektor Curt Rice. Rice meiner engelsk er godt nok som tilsettingskrav, ikkje norsk eller eit anna skandinavisk språk, slik som no er vanleg.
Rett nok meiner han at det i visse fag skal vere ein overgangsfase der den nytilsette lærer seg norsk. Problemet er berre at i alle samanhengar der ein er avhengig av tett samarbeid og prosjekt rundt arbeidet til studentane i praksis, treng ein norskkunnskapar – også langt utover norskfaget. Og i dette har den tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus vore ein føregangsinstitusjon som mange andre søkjer inspirasjon hos på grunn av framståande arbeid med integrering av praksis i utdanninga.
Doktorgrad, professorkompetanse og internasjonalisering skal altså vere viktigare enn at undervisar og student forstår kvarandre, og at undervisaren skal rettleie i samtalar med pasientar for diagnosar og anna. Det er ikkje stor hjelp i å gjere unnatak for faget norsk; gjeldande fagplanar og rammeplanar krev lesing, skriving og munnleg aktivitet i alle skulefag. Alle lærarlærarar må vere gode i norsk. Dugleik i morsmålsfaget til elevane må altså reknast som naudsynt. Om alle utlendingar er gode nok i engelsk, er òg eit spørsmål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.