Kommentar
Svekt Putin vinn endå ein gong
Sundag blir Vladimir Putin attvald med mest sannsynleg 70 prosent av stemmene. Valkampen har synt at Putin har kontroll, men ikkje full kontroll.
Når russarane går til stemmeurnene sundag, vil dei fleste kryssa av ved namnet til Vladimir Putin. Målsettinga i Kreml er å få til eit 70/70-val, det vil seia eit val der 70 prosent av veljarane møter fram og der 70 prosent av dei stemmer på den sittande presidenten.
Om det skulle vanta med oppslutnad eller med stemmer, vil apparatet til presidenten syta for at det naudsynte talet på stemmer blir fylt opp slik at Putin dei neste seks åra kan visa til at han sit som president med oppslutnad frå det store fleirtalet av dei russiske veljarane.
God hjelp har den sittande presidenten naturlegvis fått ved at mannen som står fram som hovudkritikar av han, Aleksej Navalnyj, har vore fråverande i valkampen. I dag er Navalnyj den einaste politikaren i Russland som har eit apparat som spenner over heile landet, og eit program som er eigna til å mobilisera breie lag av det russiske folket. Difor måtte ein bruka dei midla som stod til rådvelde, for at han ikkje skulle få stilla opp.
Den formelle årsaka til at korrupsjonsjegeren Navalnyj ikkje fekk vera kandidat, er ei skulding om korrupsjon som sjølvsagt ingen i Russland trur er reell. Sidan i haust har Navalnyj drive ein stor kampanje for å avsløra korrupsjon og fremja rørsla han står i spissen for. Han og tilhengarane hans får ofte ikkje lov til å halda møte og demonstrasjonar, men når dei gjer det likevel, er dei blitt taua inn i fengsel og fått store bøter. Det amerikanske tidsskriftet Foreign Affairs melde nyleg at leiinga i Navalnyj-kampanjen sidan i haust har fått bøter på til saman 10 millionar rublar, det vil seia om lag 1,7 million kroner, og leiarane av kampanjen hans har i den same perioden sete i fengsel frå ein til to månader kvar.
Sett av 26 millionar
Likevel hinkar kampanjen til Navalnyj vidare. For eitt år sidan la han ut på nettstaden Youtube ein video som avslørte at Putins statsminister Dmitrij Medvedev hadde samla seg ein formue på omkring 1,2 milliardar dollar. Videoen var eit godt stykke journalistisk arbeid som synte nærbilete av fleire av dei overdådige eigedomane som den russiske regjeringssjefen disponerer, men som formelt sett er eigd av obskure fond og stiftingar. Fram til no er berre denne eine videoen sett av 26 millionar. Dessutan lagar Navalnyj og kompani innslag som dei sender ut på nettet fleire gonger i veka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.