Språk i spel

Publisert

Kommune- og regionreforma kan verte ei utfordring for nynorskkommunar som skal slåast saman med kommunar som nyttar bokmål eller er språknøytrale. Sjølv om ein er fri til å velje målform i språknøytrale kommunar, skal nynorskbrukarar vere sterke for å stå imot majoritetsspråket, både på grunn av tekniske løysingar og fordi dei vert møtte med økonomiske argument.

På Sunnmøre vert Ålesund kommune, som har vore språknøytral, slegen saman med nynorskkommunane Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog frå 1. januar 2020. Ifølgje intensjonsavtalen som fellesnemnda for den nye kommunen har arbeidd fram, skal målforma i nye Ålesund kommune vere nynorsk.

No går tre lokale høgrepolitikarar inn for at nye Ålesund kommune skal vere språknøytral. Til Sunnmørsposten seier dei at dei ikkje vil tvinge nokon til å skrive eit språk dei ikkje meistrar, og at dei er urolege for rekrutteringa om kommunen vert nynorskkommune. Dei «trøystar» likevel nynorskbrukarar med at dei kan halde fram med å skrive nynorsk i den språknøytrale kommunen.

Vi har framleis to offisielle norske skriftspråk her i landet, sjølv om politikarar frå Høgre og Frp prøver å undergrave det eine. Dei som vert tilsette i offentleg forvaltning, skal meistre begge.

I diskusjonar om sidemålsopplæringa, som oftast handlar om nynorsk, vert det sagt at elevar ikkje bør kaste vekk tid på ei målform dei aldri vil få bruk for. Denne tankegangen fører til at mange legg mindre vekt på sidemålet i norskfaget, og elevar går ut av skulen utan å kunne nynorsk godt nok. At byråkratar ikkje meistrar nynorsk, vert no paradoksalt nok brukt som argument mot målforma i nye Ålesund kommune.

«Det vi skal, skal vi vere gode til. Det vi vil, skal vi tore å gjere noko med.» Det er mottoet i intensjonsavtalen om den nye storkommunen Ålesund. Vi får håpe det nye kommunestyret som skal gjere endeleg vedtak om målform etter kommune- og fylkestingsvalet i september, torer å halde på språkvalet i intensjonsavtalen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement