Kommentar

Spora peikar mot Putin

WASHINGTON DC: Avsløringa av at Vladimir Putin personleg gav ordre til russisk etterretning om å blande seg inn i den amerikanske valkampen i fjor, kan kaste lange skuggar over aust-vest-tilhøvet.

Obama åtvara Putin personleg då dei to møtte kvarandre i Kina i byrjinga av september. Åtvaringa tok Putin tydelegvis ikkje alvorleg. Til høgre verten, Xi Jinping.
Obama åtvara Putin personleg då dei to møtte kvarandre i Kina i byrjinga av september. Åtvaringa tok Putin tydelegvis ikkje alvorleg. Til høgre verten, Xi Jinping.
Publisert

Det er ikkje så ofte at ei avis og éin einskilt avisartikkel fullstendig tek over den politiske dagsordenen i ei supermakt gjennom fleire dagar. Det skjedde for ei veke sidan her i USA: Då prenta Washington Post ein artikkel om kva som hende då russisk etterretning blanda seg inn i det amerikanske presidentvalet førre hausten.

Tidleg i august i fjor kom det ei pakke med dokument til Det kvite huset i Washington DC, kunne Washington Post fortelje. Papira, som hadde CIA som avsendar, var så sensitive at berre fire namngjevne personar i Obama-administrasjonen fekk sjå dei før dei blei destruerte. Kva ein kunne lese, var at president Vladimir Putin personleg hadde gjeve ordre om å sette i verk ein operasjon for å øydeleggje valkampen til Hillary Clinton. Målet var at Donald Trump skulle bli valt til president i USA.

Utover hausten fekk ein sjå operasjonen utfalde seg. Systematisk blei det leke dokument frå det demokratiske partiet som stilte Hillary Clinton i eit dårleg ljos. Dessutan kan det sjå ut til at russisk etterretning sysla med planar om å trengje seg inn i datasystema som styrer sjølve presidentvalet. Ikkje noko tyder på at ei einaste stemme verkeleg blei flytta på, men berre planar om å sabotere valet var nok til at alarmklokkene ringde i Washington.

Kva med truverdet?

No er det nokre dagar sidan artikkelen har stått på prent i Washington Post, og ein kan stille spørsmålet: Kor truverdig er han? Svaret er at me neppe nokon gong vil få klåre prov på alt som stod i artikkelen, og avisa skriv då også at ho held einskilde opplysningar borte for ikkje å kompromittere kjeldene. Frå ulike hald er det kome fråsegner som stadfester viktige deler av det som stod på prent. Washington Post kunne eit par dagar etter avsløringa sitere ei anonym kjelde tett på Obama som sa at det var ingenting han hadde vanskelegare for å forsvare enn måten denne saka blei handsama på. «Eg kjende det slik at me alle blei lamma», sa han til avisa.

Det fremste provet på at hovudpoenga i artikkelen er riktige, er nok likevel at ingen i det svære etterretningsmiljøet i USA i ettertid har hevda at Washington Post tek feil. At avisa skal setje eksistensen sin på spel ved å sende ut ein lygnaktig artikkel med så mykje sprengstoff, verkar dessutan lite sannsynleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement