Sorg og latterEpistelWalid al-Kubaisi1.I forteljetradisjonen i Midtausten var Aleksander den store den einaste sonen i familien. Han drog i aust og vest som ein stor erobrar og invaderte Persia og Babylon. Men i Babylon vart han sjuk og kjende at han var i
Illustrasjon: Kristin B. Bruun
1.
I forteljetradisjonen i Midtausten var Aleksander den store einaste son i familien. Han drog i aust og vest som ein stor erobrar og invaderte Persia og Babylon. Men i Babylon vart han sjuk og kjende at han var i ferd med å døy. Han tenkte på sorga mor hans kom til å kjenna, og grubla over ein måte å letta sorga på. Han sende eit stort offer, ein sau, til mora med følgjande brev: «Kjære mor, livet er avgjort på førehand med lagnader og visse aldrar. Når du får bodskapen om at eg er død, slakt denne sauen, lag eit gjestebod og inviter berre dei som ikkje har mist sine kjære, som ikkje har kjent sorga. Det er testamentet mitt, mor.»
Då den triste bodskapen om at Aleksander den store var død, kom, vart mora alvorleg sorgtyngd. Ho kjende seg som den einaste uheldige mora som vart råka av ei slik sorg frå Gud, men ho følgde testamentet. Ho slakta sauen, førebudde eit stort gjestebod og sende bodet til bytorga: Alle dei som ikkje har mist ein kjær person, er velkomne til gjestebod.
Ingen gjester kom. Då innsåg ho kva sonen hadde hatt i tankane: at alle mister nokon. Då lærte ho at sorg over å miste sine kjære, er ein del av livet.
– Gud tek imot sjela di, son. Du var klok då du levde og klok etter døden, sa ho.
2.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.