SkattkammeretEpistelWalid al-KubaisiRamses var namnet på ein av dei rikaste faraoane i Egypt. Han samla den største mengda med gull i si tid, ein arv til etterkomarane. Faraoen fekk ein ingeniør til å byggja eit skattkammer knytt til palasset og plasserte
Foto: Amr Nabil / TT / NTB scanpix
Ramses var namnet på ein av dei rikaste faraoane i Egypt. Han samla den største mengda med gull i si tid, ein arv til etterkomarane. Faraoen fekk ein ingeniør til å byggja eit skattkammer knytt til palasset og plasserte gullet der. Ingeniøren var ein luring som sette ei steinblokk som kunne fjernast, i ytterveggen. Ingen kunne leggje merke til det, fordi handverkaren var så flink.
Då ingeniøren låg på dødsleiet, kalla han dei to sønene til seg og avslørte løyndommen. Då faren var død, gjekk dei til palasset, fjerna steinen i ytterveggen og forsynte seg med gull. Slik heldt dei fram til Ramses merka at noko var gale. Faraoen hadde ingen mistenkte, for han forsegla låsen kvar gong han hadde vore i skattkammeret.
Etter stadige plyndringar monterte faraoen ei felle etter same prinsipp som musefella og lenka ho fast til veggen med ein kjetting. Då brørne kom inn att og den eine famla seg fram i mørkret, gjekk han rett i fella. Då han innsåg katastrofen, ropa han åtvarande til broren:
– Forsyn deg med gull og kutt hovudet av meg, slik at ingen kjenner meg att og fangar deg òg!
Broren nølte, men innsåg visdommen i det. Han hogg hovudet av broren, tok det med seg og forsvann.
Då Ramses oppdaga tjuvkroppen utan hovud, fekk han panikk fordi låsen var forsegla. Korleis kom tjuven inn? Og korleis kom den eller dei andre på å fjerna hovudet på tjuven for ikkje å verta avslørte?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.