Kommentar
Skandalar innpakka i skandalar
Libyaaksjonen i 2011 var sausa inn i svindel, korrupsjon og lovbrot.
Våren i Frankrike har vore prega av dei suksessive avsløringane av hopehavet mellom Nicolas Sarkozy og Muammar al-Gaddafi – og dei mange forgreiningane venene og administrasjonane deira skapte i eit omfattande nettverk. Som eit soppåtak på statsbygningen, har somme sagt: Du ser dei velkjende formene, men anar ikkje kva som breier seg av uhyggje under yta.
Samanroting
Dei siste omfattande offentleggjeringane stod fjernsynskanalen France 2 for, 22. mai, i programmet Cash Investigations. Journalisten Nicolas Vescovacci hadde då arbeidd i fleire år for å finne andre vitne enn dei kjende, og få ut dokument frå ulike kjelder. Han omtalar «mappa» på Sarkozy-gjengen som ei «blekksprutmappe», med vitnemål om grundig samanroting av statlege omsyn, personlege interesser, mange små griske hender og ein serie store koffertar med kontantar i. Mellom dei sentrale vitna i programmet var ein av Gaddafis nære tryggingsmedarbeidarar, som hadde handtert til saman 57 millionar euro til fordeling særleg kringom i Frankrike.
France 2-reporterane har granska spor etter medarbeidarar av Sarkozy i Afrika, især Sør-Afrika, Libanon og elles i Midtausten, på bustadmarknaden i Paris og i industriavtalar. Ei mengd detaljar kom i den sjokkerande boka to journalistar i Mediapart kom med hausten 2017. Fabrice Arfi og Karl Laske tok til å jobbe med saka etter at Gaddafi i 2011 rasande hadde kravd å få igjen pengane sine frå Frankrike. Han hadde skjøna stoda slik at han hadde kjøpt seg gode avtalar: Han skulle mellom anna kjøpe våpen og prioritere Frankrike i oljeverksemda, i tillegg til at Sarkozy hadde fått støtte på fem millionar direkte til valkampen sin i 2007.
Granskingane til Arfi og Laske kom i Avec les compliments du Guide. Sarkozy-Kadhafi, l’histoire secrète (Paris, Fayard 2017, «Med helsingar (eller: gratulasjonar) frå Føraren. Sarkozy-Gaddafi, den løynde soga»). Le Guide des Croyants, tittelen Gaddafi tok seg, tyder både førar og rettleiar (for dei truande). Men sidan storparten av Vesten meinte Gaddafi sjølv var aldeles villfaren etter terroråtaket mot eit fly over Lockerbie i Skottland i 1988, var Libya i det minste offisielt svært isolert. Arfi og Laske syner korleis affærane mellom Sarkozy og Gaddafi har opphav i tiltak frå president Jacques Chirac tidleg på 2000-talet. Løynde kanalar kom då til for å forhandle fram løysingar for at Frankrike skulle kome til libyiske ressursar. Dørene var såleis alt låste opp då Sarkozy reiste på vitjing til Libya. Lykelhaldaren vart ein Ziad Takieddine. Denne mellommannen laga personlege og statlege avtalar med ei mengd franske toppolitikarar og byråkratar og vart omgangsven med mange av dei.
I strid med lova
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.