SanningaEpistelWalid al-Kubaisi«Tru på sanninga, men du treng ikkje nett å ropa henne ut!» sa tanta mi til meg. Ho var ein dyktig engelskomsetjar og lærde meg om opplysingstankar då eg var fjorten år. Eg underviste ein kamerat i matte, og han forstod ikkje
«Tru på sanninga, men du treng ikkje nett å ropa henne ut!» sa tanta mi til meg. Ho var ein dyktig engelskomsetjar og lærde meg om opplysingstankar då eg var fjorten år. Eg underviste ein kamerat i matte, og han forstod ikkje særleg. «Du er dum!» sa eg til han då.
Grunna dette vart han ein fiende, og eg sleit med hatet hans i årevis. Eg meinte eg sa sanninga. Då lærde tanta mi meg å vega konsekvensane før eg sa sanninga. Ho fortalde meg ei historie som eg sidan gløymde ut.
Då eg kom til Noreg, las eg Vildanden. Ibsen fortel om det same: Sanninga er ikkje det beste om ho får fatale konsekvensar. Ibsen fortel om ein mann som trur blindt på sanninga. Han seier til ein annan mann som lever i harmoni og lukke med kone og dotter: «Dotter di er ikkje di, kona di hadde ein affære med ein annan mann.» Det førde til eit drap, og lukka vart til ulukke.
Då kom eg på historia tante fortalde meg: Under den franske revolusjonen vart tre menn dømde til døden: ein prest, ein advokat og ein fysikar.
Bøddelen la hovudet til presten under giljotinbladet og spurde han: «Kva er det siste ordet du ynskjer å seia?»
«Eg trur på Jesus, og han kjem til å berga meg!» svara presten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.