Samlokalisering som mantraStatsbygg har valt ut sju framlegg til utforming av eit nytt regjeringskvartal i Oslo. Framlegga er presenterte på heimesidene til Statsbygg. Alle sju er prega av høgblokker som sterkt vil dominera

Publisert

Statsbygg har valt ut sju framlegg til utforming av eit nytt regjeringskvartal i Oslo. Framlegga er presenterte på heimesidene til Statsbygg. Alle sju er prega av høgblokker som sterkt vil dominera byhorisonten og området rundt. Slik vert det når alle departementa, forutan Forsvarsdepartementet, og 5700 tilsette skal samlast på eit lite område.

Dei mange nye høge husa vil slå i hel bygningane rundt. Barcode formar alt ein uheldig mur mot sjøsida. Regjeringskvartalet vil bli ein ny mur midt i byen.

Nokre av arkitektframlegga har lagt ved halvfilosofiske forklaringar på korleis arkitekturen skal verka, som her: «Alle bærer med seg sin egen horisont, men et kollektivt ståsted samordner individuelle horisonter. Synsranden blir samhørig».

Eller: «Interiørene er formet som et kjøttbein der de to endeknokene er gjort attraktive med godsaker i form av siktlinjer i kommunikasjonsaksene». Ja vel.

Arkitektframlegga liknar på reklamemateriell, og gjev såleis lite tillit. Juryen burde ha gjeve klar beskjed om at dei ville ha eit nøktern språk, og der arkitektkontora òg fekk i oppdrag å drøfta kva slag kompromiss dei har gjort og kva dei sjølve ser på som svake sider ved eige framlegg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement