Kommentar
Putin i fotefara til tsarane
Russland har alltid vore ei stormakt som vil forsvara seg sjølv så langt unna eigne grenser som mogleg. Før Vesten godtek dette, vil tilhøvet til Russland vera dårleg.
Den 1. mars i år, sytten dagar før han blei valt til ein ny seksårsperiode som president, heldt Vladimir Putin ein tale. Der kom han med ei ytring som kan stå som ei oppsummering av heile karrieren hans:
«Tidlegare ville ingen snakka med oss. Ingen ville høyra på oss. Høyr på oss no!»
Før han kom med desse orda, hadde han synt fram ein heilt ny generasjon våpen. Våpena hadde to ting til felles: Dei var langt meir effektive enn noko av det Russland har hatt tidlegare, og dei kunne slå til kor som helst på jordkloden.
Det var ikkje tvil om at Putin synte fram desse våpena med stor glede. Minst like stor var entusiasmen hos tilskodarane – sjølve toppeliten i det russiske samfunnet. Alle i salen, inkluderte patriark Kirill frå den russiske kyrkja, såg ut til å meina at svaret på Russlands problem er fleire, større og meir dødelege våpen.
Ser ein på politikaren Vladimir Putin, var det som hende denne fyrste marsdagen i året 2018 heilt ut logisk: Nyttårskvelden 1999, då han tok til som fungerande president i Russland, var målsetjinga i fyrste omgangen å berga einskapen i den russiske statsdanninga. Han greidde det.
Tryggingskonferansen i München i 2007 markerte den neste etappen. Russland var då kome ut av den økonomiske krisa landet hadde vore i heilt sidan 1980-åra. På konferansen heldt Putin ein toretale der han gjorde klårt at det var slutt på at ein kunne sjå på Russland som ein nullitet i verdspolitikken. «Om de ikkje høyrer på oss, går det ille», var bodskapen hans, med klår adresse til dei vestlege landa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.