Plasten og fiskenEi historie frå røyndomen først: Ein kar var på sin første tur som kokk på ein fiskarbåt i Barentshavet. Han samla samvitsfullt opp plastemballasjen som hopa seg opp, trykte søppelet saman så godt han kunne i eit lagerrom, og rekna med at
Ei historie frå røyndomen først: Ein kar var på sin første tur som kokk på ein fiskarbåt i Barentshavet. Han samla samvitsfullt opp plastemballasjen som hopa seg opp, trykte søppelet saman så godt han kunne i eit lagerrom, og rekna med at det skulle kastast når dei kom i land. Da skipperen fekk sjå dette, vanka det kjeft. Avfall skulle ikkje ta opp plass om bord, det skulle kastast på sjøen slik det alltid hadde blitt gjort. Denne haldninga har vore sørgjeleg vanleg i fiskeria.
Somme hevdar at det ikkje spelar noka rolle kva vi gjer med plastavfallet vårt i Noreg, fordi den verste forsøplinga av havet skjer i Asia. Men storparten av plasten som rek langs norskekysten, stammar frå Noreg, og ein forbløffande stor del kjem frå fiskarbåtane. På havbotnen vest for Ålesund har norske havforskarar funne opptil ti tonn søppel per kvadratkilometer, og det meste stamma frå fiskeria. Også oppdrettsnæringa er medskuldig i plastureininga av havet.
Det er velkjent at plasten i havet tek livet av sjøfugl og kval. Men dei minste plastpartiklane i havet kan vise seg å vere det største trugsmålet, og mykje av mikroplasten kjem frå nedbrytinga av det større avfallet i sjøen. Mikroplast kan både innehalde giftstoff og fungere som oppsamlar for miljøgifter i vatnet, og partiklane blir etne av dyreplankton og reiser oppover i næringskjeda.
I fjor fann svenske forskarar ut at dei aller minste partiklane, nanoplasten, kan ende i hjernen til fisk. Om det viser seg at plasten òg går over i fiskefileten og kan påverke helsa til oss menneske, ser ikkje framtida til fiskeria særleg lys ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.