PengegaloppenVG har denne veka skrive om korleis private konsulentar med langvarige oppdragsavtalar for Norad har fått utbetalt svært høge honorar. Sett i høve til det store bistandsbudsjettet er det tale om småpengar. Men saka er likevel viktig, fordi nor
VG har denne veka skrive om korleis private konsulentar med langvarige oppdragsavtalar for Norad har fått utbetalt svært høge honorar. Sett i høve til det store bistandsbudsjettet er det tale om småpengar. Men saka er likevel viktig, fordi norsk u-hjelp er avhengig av at befolkninga har tillit til at bistandspengane vert brukte på best mogeleg måte.
Det krev streng kontroll og klare reglar å sikra nøktern bruk av midlane. Når ein skal forvalta offentlege pengar, og særleg når pengane skal gå til dei fattige i verda, kan ikkje konsulentar få honorar på nivå med folk i finansbransjen. Likevel tek ikkje Norad sjølvkritikk, og svarar VG med at dei innleigde konsulentane har lang og viktig røynsle og «har stor verdi for våre samarbeidsland».
Men det er lite truverdig at tidlegare norske byråkratar har så stor kompetanse og evne til å hjelpa fattige land med forvaltninga av oljepengar. Mange av landa slit med korrupsjon, og kunnskap om korleis Noreg har drive si eiga forvalting, har neppe særleg relevans når ein kjem til slike land. For å koma til nytte må kunnskapen i alle fall koplast med god kjennskap til landet ein skal hjelpa. Denne saka er nok eit døme på kor sjølvtrygg den norske bistandsbransjen kan vera.
I tillegg gjev saka grunn til å mistenkje at det er for mykje pengar i Norad-systemet. Ein organisasjon med stram økonomi tek seg ikkje råd til å betala slike honorar. Det er langt frå idealistane i det gamle fredskorpset til dei konsulentutbetalingane som VG har avslørt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.