OverraskingarEpistelWalid al-KubaisiHumøret til den grimme:Venen min har godt humør og vart ikkje såra. Han fortalde meg om ein gong då han var i basaren og møtte vi vakker kvinne i forbifarten. Ho kom mot han med eit strålande smil han fall for. Det var f

Publisert

Humøret til den grimme: Eg har ein ven som er lite pen. Han hadde vanskar med å finna ei kvinne som ville gifta seg med han, sjølv om han hadde alle gode kvalifikasjonar: fast arbeid, eigedom, pengar, han kom frå ein god familie, var høfleg og universitetsutdanna. Familien hans prøvde å hjelpa han med å finna ei kone, og mange aksepterte han når dei høyrde kva kvalifikasjonar han hadde. Men då dei møtte han, skifte dei meining og takka nei på grunn av utsjånaden hans.

Venen min har godt humør og vart ikkje såra. Han fortalde meg om ein gong då han var i basaren og møtte ei vakker kvinne i forbifarten. Ho kom mot han med eit strålande smil han fall for. Det var første gongen i livet han hadde møtt ei kvinne med eit så begeistra smil. Ho stoppa framfor han og sa:

– Det er som om du er send til meg av Gud i grevens tid. Kom med meg!

Ho tok handa hans, leidde han gjennom smaua til ein gullsmed og sa:

– Sjå på han! Han liknar på han.

Kvinna smilte og gjekk raskt ut av butikken. Venen min miste henne av syne. Han gjekk difor attende til gullsmeden for å få vita kva ho hadde sagt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement