Onkel Jacob IIIEPISTELWalid al-KubaisiVi var born og egoistar. Vi leika, og kvar einskild av oss ville vinna åleine. Vi spelte fotball, og alle ville sparka ballen i målet utan å tenkja på samarbeid.

Publisert

Vi var born og egoistar. Vi leika, og kvar einskild av oss ville vinna åleine. Vi spelte fotball, og alle ville sparka ballen i målet utan å tenkja på samarbeid.

Onkel Jacob sat i parken og såg på oss. Vi var unge, men vi kunne lesa blikket hans. Han kom alltid med noko fornuftig.

Då vi tok ein pause, gjekk vi alle saman og sette oss framfor han. Han fortalde om bonden og maisgarden. Kvart år konkurrerte alle gardbrukarane om å ha den beste maisen, men kvart år var det den same bonden som vann.

Ein journalist spurde vinnaren korleis han kunne ta førsteplassen kvart einaste år. Bonden fortalde at han utveksla såkorn med naboane.

– Kvifor gjev du gode såkorn til nabogardane når du veit at dei kjem til å konkurrera med deg? ville journalisten vita.

– Alle lurer på det. Dei skjønar ikkje at vinden tek med seg frøa frå éin gard til ein annan. Når naboane mine sår dårlege frø, spreier dei seg til avlinga mi. Viss eg vil ha ei god avling, må eg gje nabogardane dei beste frøslaga, sa bonden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement