Kommentar
Nye spelereglar i Middelhavet
Nasjonalistleiarane utfordrar eit EU utan innvandringsplan, og lagar nye alliansar.
Drama på fleire plan har utvikla seg i kjølvatnet av redningsskipet «Aquarius», lasta med flyktningar som ingen lét til å vilje ta imot.
Foto: Antonio Parrinello/Reuters/NTB scanpix
«Aquarius» hugsar mange frå syttitalsmusikalen «Hair», songen om koss kjærleiken skal styre stjernene og Vassmannen vinne over all ulukke. Difor vart det i 2015 namnet på eit skip ått av den tysk-franske organisasjonen SOS Mediterranée; det dreg ikring i Middelhavet og plukkar opp båtflyktningar.
Sist helg tok dei opp 629 slike, av desse hundre born. Italia nekta «Aquarius» å leggje til hamn og bad dei om å fare til Libya i staden; Malta fylgde etter med å nekte å ta imot skipet. Eit drama på fleire plan utvikla seg raskt og synte nye krakeleringar i EUs innvandringspolitikk, men òg nye konstellasjonar mellom nye aktørar.
Innanriksministeren i Italia, Matteo Salvini, er generalsekretær for Lega Nord, eit sterkt høgreorientert, føderalistisk parti. Lega vil lausrive Nord-Italia frå resten av landet, og gje det nye landet namnet Padania. Partiet vann, saman med Femstjernersrørsla, valet på to hovudsaker: å melde Italia ut av euroen og å stoppe innvandringa.
Salvini levde opp til éin av lovnadene denne veka, og til omtalen av han som «demagogo da quattro soldi», billeg folketalar. Han har før kalla SOS Méditerranée, som vart skipa under immigrantkrisa i 2015, for «ei taxiteneste for uønskte innvandrarar». Andre i partiet hans har omtala skipet «Aquarius» som «invasjonens spydodd». Ei nemning som òg har spreidd seg i Frankrike.
Svar på tiltale
Det er mytisk tale når folk hevdar at Frankrike er nedrent av immigrantar. Ingen er like påpasselege med å halde grensekontrollar og utvise ikkje-asylantar – med unnatak av Ungarn, der regjeringa no jublar over ei ny haldning i Italia. Så då Macron tidleg tysdag morgon skulda den nye italienske regjeringa for å vere umenneskeleg og minte om at alle har plikt til å hjelpe folk på sjøen, fekk han straks svar på tiltale.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.