MusikartragedienEpistelWalid al-KubaisiEin musikar budde i ein vakker skog der han var van med gå turar. Ein dag då han som vanleg ynskte å gå mellom trea og nyte det sjølvvalde, einsame livet i skogen, hende det noko uvanleg: Himmelen vart mørk, men det h
Illustrasjon: Kristin B. Bruun
Ein musikar budde i ein vakker skog der han var van med gå turar. Ein dag då han som vanleg ynskte å gå mellom trea og nyte det sjølvvalde, einsame livet i skogen, hende det noko uvanleg: Himmelen vart mørk, men det hadde han opplevt før. Lufta vart fuktig, men det hadde han òg opplevt før. Det som var nytt, var lyden av ein flokk hylande ulvar som han såg budde seg på å gå til åtak på han. Dei var sinte. Dei sprang mot han og konkurrerte med vinden for å nå han.
Alt han kunne gjera i denne situasjonen, var å prøva å halda nervane i sjakk. Han sette seg på ein tørr trestamme, drog fram fiolinen og byrja spela på han. Ein av ulvane var i sprang mot han, men då han nærma seg fiolinisten og høyrde den vakre melodien, byrja han å svinga seg i takt og vart sitjande framfor føtene til musikaren.
Endå ein ulv skulle til å gå til åtak på musikaren, men dempa vreiden då han høyrde musikken. Slik gjekk det med den tredje, fjerde og femte ulven som enda opp med å sitja i ein ring rundt musikaren som spelte vakrare melodiar på fiolinen.
Fiolinisten var stolt over evna han hadde til å temja sinte ulvar. Han såg opp til seg sjølv fordi han overlevde denne risikoen. Ulveflokken vart stadig større etter kvart som nye ulvar kom springande gjennom skogen for å lytta til han. Men éin dag då musikaren stod og spelte for ulvane, trygg og roleg, gjekk ein einsleg ulv til åtak på han.
Musikaren prøvde å forsvara seg medan han grunna på kvifor ulven var så grufull at han ville gå til åtak. Dei andre ulvane hadde då bøygd seg for magien og melodiane til fiolinen. Ein av dei tamme ulvane som stod ved musikaren, forstod at musikaren var frustrert. Ulven kviskra i øyret til musikaren:
– Vi gløymde å fortelja deg at vi har ein dauv ulv hjå oss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.