Kommentar
Med Erdogan til evig tid
For få år sidan blei Tyrkia framheva som eit prov på at demokrati og islam kunne sameinast. Om to veker, den 16. april, vil me sjå om det stemmer.
Det er ei lang smørbrødliste med konstitusjonelle endringar det tyrkiske folket skal ta stilling til når det går til vallokala midt i april. Men det kokar ned til eitt spørsmål: Skal makta i den tyrkiske staten bli samla i hendene til Recep Tayyip Erdogan?
Slik Erdogan-regimet har tedd seg dei siste månadene, kan ein frykte det aller verste. Sitatet «Kven som stemmer, tel ikkje. Kva som tel, er kven som tel stemmane.» har vore tillagt Josef Stalin. Om diktatoren verkeleg sa dette, er noko uklårt. Langt klårare er viljen Erdogan-regimet har til å ta skitne verkemiddel i bruk.
Ein kan til dømes sjå korleis det står til med leiinga i det kurdiske opposisjonspartiet HDP. Dette partiet har to leiarar: ein formann og ei forkvinne. Formannen, Selahattin Demirtas, sit i varetekt, og påtalemakta krev at han skal fengslast i 142 år. Forkvinna, Figen Yüksendag, er òg i fengsel. Ho har fått ein dom på seks år.
Kjend taktikk
Er det noko kjent med dette? Alle med historisk minne hugsar kva Adolf Hitler gjorde med éin gong han kom til makta i Tyskland vinteren 1933: Han fengsla dei som han visste ville gå mot han. Då opposisjonen var eliminert, kunne Hitler gå til den tyske riksdagen og få vedteke den såkalla Ermächtigungsgesetz, lova som la all makt i hendene til Adolf Hitler. Dei sovjetiske kommunistane brukte same taktikken då dei etter 1945 fekk alle kommunistpartia i Aust-Europa inn i regjeringsposisjon. Derifrå var vegen til diktaturet ikkje lang.
Det er vanskeleg på denne bakgrunnen å forstå at Erdogan og kumpanane hans ikkje skjemmast når dei dreg Hitler-kortet. Både Nederland og Tyskland, to av dei mest demokratiske statane i verda i dag, er av det tyrkiske regimet blitt hengde ut som naziavkom då dei nekta tyrkiske regjeringsmedlemmer å drive valkamp blant tyrkiske utvandrar i dei respektive landa. Endå verre er trugsmåla Recep Tayyip Erdogan sjølv kom med. Førre onsdag sa han til dømes: «Om de (det vil seie europeiske leiarar) held fram på denne måten, då vil i framtida ingen europear, ingen borgar av Vesten nokon stad i verda kunne gå på gata i tryggleik og fred.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.