Kommentar

Lagnadsval i viktig land

Tyrkia er ein av dei viktigaste statane i vår del av verda. Difor var valet der sist helg så fatalt.

Publisert

Ein kan lesa ein klår fasit ut av det kombinerte president- og parlamentsvalet i Tyrkia: Recep Tayyip Erdogan, mannen som dei siste få åra har sett mange tusen politiske meiningsmotstandarar i fengsel, som har stansa den frie pressa og monopolisert den offentlege meiningsdanninga, vann med god margin.

Sett frå ein demokratisk synsstad var tala frå valnatta dystre. Endå meir dystert blir det når ein ser på det som skjedde før valet: For eit drygt år sidan blei avgjerande endringar i den tyrkiske grunnlova vedtekne ved ei folkerøysting. No er desse endringane sette ut i livet. Skulle presidenten dei neste fem åra få problem med parlamentet – noko som neppe skjer – kan han styra gjennom dekret. Frå før har domstolane synt seg som hans reiskapar. Med andre ord er Tyrkia i ferd med å få berre éin samfunnsinstitusjon med makt. Den institusjonen heiter Recep Tayyip Erdogan.

Det som skjer, hadde ikkje vore så ille om ikkje Tyrkia var ein viktig stat: Etter hundreårsskiftet har landet utvikla ein økonomi som er blant dei 20 største i verda. I det austlege Middelhavet er Tyrkia ei sterk militærmakt. Tyrkia sit dessutan på løysinga til det europeiske flyktningproblemet, og landet kan når som helst skapa nytt kaos i EU om ein lèt ein million eller to frå Midtausten få fri passasje mot vest.

Imperiemakta

Viktigast er det likevel at Tyrkia er ei leiande makt i den muslimske verda. Då Samuel P. Huntington for meir enn to tiår sidan skreiv den vidgjetne boka Clash of Civilisations and the Remaking of World Order, slo han fast at utviklinga i Tyrkia var avgjerande for heile den muslimske sivilisasjonen. I fleire hundre år hadde Tyrkia vore sjølve imperiemakta i Midtausten, og for mange muslimar var det naturleg å sjå til Tyrkia for leiarskap. På den tida då Huntington skreiv, var Tyrkia i ferd med å bli meir likt Europa. No er Tyrkia i ferd med å bli meir likt dei ikkje-demokratiske, såkalla autokratiske statane i Sentral-Asia, i Russland og i Midtausten. Om Tyrkia går endå lenger i ikkje-demokratisk retning, om landet blir endå meir antivestleg og samstundes ei endå sterkare leiarmakt i den muslimske verda, kan det heile utvikla seg mot noko som liknar ein katastrofe.

Ei slik utvikling har vore tydeleg lenge: I Syria har tyrkiske militære det siste året gått til åtak på den kurdiske militsen, den einaste verkeleg provestlege aktøren i det krigsherja landet. Det som avteiknar seg, er ein antivestleg allianse der Russland, Tyrkia, Iran og Kina er dei sentrale aktørane. Frå Balkan i vest til Aust-Kina-havet i aust, frå Ishavet i nord og langt inn i Midtausten i sør har denne alliansen potensial til å verta eit solid antidemokratisk bolverk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement