Kommentar

Kvinner som pynt og premie

Nøkkelringar og Twist er ikkje nok. Nor-Shipping-messa baud også på halvnakne kvinner som levande reklameskilt.

Publisert

Sjå for deg at du går rundt på ei messe, innom ulike buer for å få med deg siste nytt i olje- og shippingnæringa, og at det du blir møtt av, ikkje er framifrå kvinner frå bransjen, men såkalla booth babes: innleigde modellar med tettsitjande drakt og med nettstaden til bedrifta trykt over heile rumpa.

Det var akkurat det som hende då Nor-Shipping blei arrangert på Lillestrøm denne månaden. To blonde damer vart leigde inn av det nederlandske selskapet ROG Ship Repair til å stå på standen deira og vrikke på rumpa. Ifølgje direktør Chul Christian Aamodt, som var på messa, kunne menn glo, fnise og fotograferte kvinnene medan dei igjen diskuterte forretningar med andre menn.

Sigerskyss

Damer som pynt er vanleg i musikkvideoar og på gatebilfestivalar. Det overraskar ingen lenger. Men det er også tradisjon for å leige inn kvinnelege modellar til seriøse forretningsmesser. Tettsitjande drakter er berre éin variant, kroppsmåling over naken hud ein annan. Bedriftslogoar skal pryde nakne bryst i tillegg til plakatar og nøkkelringar.

I Tour de France og ved ei rekke andre sportslege premieutdelingar får vinnaren sigerskyss frå to podiumsdamer. Oppgåva deira er å vere to ting: pynt og premie. Vinnaren får altså eit kyss som påskjøning.

I somme dataspel er premien meir enn berre eit kyss. Speler du godt og bergar jomfrua i naud, får rollefiguren din henne som kone eller seksualpartnar. Ungdommen vert lært opp til at jenter er til for gutar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement