Kommentar

Kvinner og homsar sukrar høgrepopulismen

Nasjonal Front ser ut til å bruke feminisme som våpen mot islam, men er elles lite interessert i kvinnesak.

Marine Le Pen gjer ikkje noko politisk poeng av at ho er kvinne. Kanskje fordi kjerneveljarane hennar er maskulinistar.
Marine Le Pen gjer ikkje noko politisk poeng av at ho er kvinne. Kanskje fordi kjerneveljarane hennar er maskulinistar.
Publisert

Den nyvalde franske presidenten Emmanuel Macron veit kva som står på spel. Om han ikkje lukkast med å samle troppane, auke sysselsetjinga og bremse den muslimske radikaliseringa, rullar han ut ein raud løpar framfor føtene til Marine Le Pen, eller kanskje niesa Marion Le Pen, til valet i 2022.

Elisabeth Ivarsflaten har definert framgangen til den ytre høgresida som eit utslag av nostalgi for kvit, maskulin og heteroseksuell dominans. Ho er statsvitar ved UiB, og har skrive fleire bøker om høgreekstremismen.

Medan debattar om rasismen blant europeiske høgreekstremistar stadig flammar opp, blir kvinne- og homofilisyna deira sjeldnare ettergått i saumane. Partia på den ytre høgresida har flest mannlege tilhengjarar, men ikkje berre. Det er lett å gløyme at også kvinner kan ha maskulinistiske verdisyn.

Frontane til fronten

Dei mest aggressive og rasistiske støttespelarane til Marine Le Pen er lite synlege i media. Han som oftast slepp til på TV-skjermane, er nestleiaren, homofile Florian Philippot. Den velutdanna, medievande 35-åringen snakkar høfleg og er velinformert. Han har det meste av æra for tilpassinga av ein bodskap retta mot taparane i globaliseringa.

Året før Marine Le Pen overtok leiinga av Fronten, i 2010, grunnla ho sitt eige mikroparti, Jeanne. Det var dette ho brukte til å arbeide med eit program som ho etter kvart tok over faderpartiet med. Denne veka var det Philippot som starta sitt eige mikroparti. Han seier han vil utvikle kjernesakene til Marine Le Pen. Tida vil vise om dei to held saman vidare. Uansett, dyktig og dynamisk som Philippot er, vil eg tru han kjem til å spele ei godt synleg rolle i fransk politikk i åra framover. Marine Le Pen har sjølv vore sliten etter valet, og har uttrykt uvisse rundt kor mykje ho skal engasjere seg i parlamentsvalkampen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement