KvinnaEPISTELWalid al-KubaisiPoeten John Milton spurde kongen av England: «Kvifor kan kongen verta krona som 14-åring, men ikkje gifta seg før han fyller 18?» Kongen svara: «Fordi det er lettare å styra ein stat enn å styra ei kvinne.»

Publisert

Poeten John Milton spurde kongen av England: «Kvifor kan kongen verta krona som 14-åring, men ikkje gifta seg før han fyller 18?» Kongen svara: «Fordi det er lettare å styra ein stat enn å styra ei kvinne.»

Her er det mannskulturen som formulerer synet sitt på kvinna. Alt som vert sagt om kvinna, er tvitydig og kan forståast i kvinnas favør, trass i at kvinna gjennom historia har blitt demonisert, både i austleg og vestleg tradisjon. Når ein ser bak orda og mellom linene, kan ein oppdaga ros til kvinna.

Til dømes det som Shakespeare fortel: «Kvinna forlangar ikkje av livet meir enn éin mann, og når ho skaffar seg ein mann, krev ho av han alt i livet.» Kvinna har eit målretta vesen, seier han.

Eller «Djevelen treng mange timar på å lura ein mann og ei kvinne. Kvinna nøyer seg med éin time for å lura ti djevlar». Djevelen er slu, men kvinna er meir intelligent enn han. Noen gonger slepp ikkje mannen unna kritikk: «Djevelen er mannens læremeister, men kvinnas elev.» «Om djevelen mislukkast med å snika seg inn ein stad, vert kvinna send ut i staden.»

Mark Twain seier: «Mannen vil ha alt han oppnår. Kvinna vil ha alt ho ikkje kan oppnå.» Dette ligg under kvinneambisjonen. Frå ståstaden til mannen «er kvinna som bia. Ho gjev deg honning, men kan bita deg.» Altså er dette ikkje eit naivt vesen, men eit som kan reagera og reflektera.

«Heldig er mannen som trur han er meir intelligent enn kona, for det vil seia at han er gift med ei svært intelligent kvinne.» Ho kan skjula intelligensen som mannen ikkje treng vita om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement