Krone og myntEpistelWalid al-KubaisiEin japansk keisar gjorde det til ein vane å kasta mynt før kvar krig han kjempa i. Viss mynten fall på bakken og viste «krone», sa han til soldatane:
Illustrasjon: Kristin B. Bruun
Ein japansk keisar gjorde det til ein vane å kasta mynt før kvar krig han kjempa i. Viss mynten fall på bakken og viste «krone», sa han til soldatane:
– Vi kjem til å sigra over fienden.
Om pengen hadde vist «mynt», ville han ha sagt til soldatane at dei kom til å verta slegne av fienden.
Men keisaren fekk aldri «mynt». Mynten viste alltid «krone». Difor kjempa soldatane med entusiasme til dei vann. For å vinna må ein rekna med å vinna, meinte keisaren.
– Den modige er ikkje den som ikkje er redd, men den som vinn over frykta, sa keisaren til soldatane.
Åra gjekk med siger etter siger, og keisaren vart vis og klok i tillegg. Han sameina heile Japan og vart den første keisaren i landet. Ingen våga å gå til åtak på riket hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.