Kjærleik og visdomEpistelWalid al-KubaisiMerkeleg kjærleik:Ein dag kunne ho ikkje venta lenger. Ho kalla han til seg, låste døra og fortalde kva ho ynskte. Josef nekta. Det var ei fornærming mot henne som kvinne. Ho ville difor hemna den sjeleleg sårande k
Illustrasjonsfoto: «Gamal vis mann», eit målarstykke av Andrew Judd.
Merkeleg kjærleik: Josef, son til Jakob, vart seld som slave til Potifar, leiaren for livvakta til farao i Egypt. Potifar såg eigenskapane til Josef og behandla han ikkje som ein slave, men sette han til å styra huset sitt. Josef var 17 år då han byrja det egyptiske livet. Etter elleve år i Egypt hende dette: Potifar hadde ei kone som heitte Zolaikha. Ho forelska seg i Josef. Medan han arbeidde saman med dei andre heime, heldt ho auge med og drøymde om han.
Ein dag kunne ho ikkje venta lenger. Ho kalla han til seg, låste døra og fortalde kva ho ynskte. Josef nekta. Det var ei fornærming mot henne som kvinne. Ho ville difor hemna den sjeleleg sårande krenkinga trass i lidenskapen ho kjende for Josef. Zolaikha gjekk difor til ektemannen og sa at Josef hadde prøvt å forføra henne. Josef hamna i fengsel.
I fengselet var bøddelen hard med dei innsette, og fangane vart torturerte. Josef var heldig og slapp unna fordi alle likte han.
Zolaikha sende ei trælkvinne til fengselet med pengar og gåver til bøddelen og bad han om å torturera Josef hardt.
– I morgon skal eg steikja huda til Josef med pisken min.
– Eit par dagar seinare vart trælkvinna send til fengselet med pengar og bøn om meir tortur. Ho heldt på med dette i fleire veker, men til slutt kalla ho inn bøddelen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.