Kjære JesusEpistelWalid al-KubaisiI dag las eg evangeliet frå perm til perm. Eg prøvde å overtyda meg sjølv om at misjonæren med slips og svart dress har rett når han seier til meg: «Trua på Guds son frelser deg.»

Utsnitt frå «Jesus med armane falda» måla av Rembrandt Harmenszoon van Rijn.
Utsnitt frå «Jesus med armane falda» måla av Rembrandt Harmenszoon van Rijn.
Publisert

I dag las eg evangeliet frå perm til perm. Eg prøvde å overtyda meg sjølv om at misjonæren med slips og svart dress har rett når han seier til meg: «Trua på Guds son frelser deg.»

Eg gjekk gjennom evangeliet og samanlikna originalteksten med omsetjinga. Eg oppdaga at du aldri har definert deg som Guds son, men menneskesonen. Jau, du er Guds son slik alle menneske er Guds born. Du ville fortelja at guden din ikkje er som jødeguden, hardnakka og mektig, men òg barmhjartig og nær slik som ein far elskar borna sine.

Men evangeliet forvirrar meg. I same likning er du som eit menneske når du græt over den døde Lasarus, men så seier du at han skal kome ut, og som Gud vekkjer du han opp frå døden. Kven er du?

Mirakla dine har eg ikkje tru på, for di skuld. Eg ser på deg som klok og vis og godtek ikkje at logikken i bodskapen din er kjærleik, og provet på dette er at du gjekk på vatnet. Korleis kan eg tru på at du overtyder folk med kjærleiksbodskapen din med å gjennomføre mirakel?

Ein tryllekunstnar på Karl Johans gate i Oslo stod og forkynte menneskerettar. Eg stod der og vart imponert over tryllekunstane han gjennomførte, men det overtydde meg ikkje om menneskerettane. Eg trur ikkje bodskapen din om kjærleik treng prov. Han treng ikkje ein tryllekunstnar.

Eg trur på kjærleiksbodskapen din. Det er det som er lettast å forstå, men vanskelegast å praktisere. Kven klarer å elska fienden sin? Kven tenkjer på at Gud ikkje treng tilbedinga vår, men at vi elskar kvarandre? Kven har testa denne bodskapen og kjent stordomen og effekten av han?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement