Identitet og tilhøyrslePlanane til regjeringa om ny fylkesinndeling er lite gjennomtenkte. Ein merkar det alt på namneframlegga. «Innlandet» for Oppland og Hedmark; «Viken» for Østfold, Akershus og Buskerud; «Vestlandet» for Hordaland og Sogn og Fjordane.
Planane til regjeringa om ny fylkesinndeling er lite gjennomtenkte. Ein merkar det alt på namneframlegga. «Innlandet» for Oppland og Hedmark; «Viken» for Østfold, Akershus og Buskerud; «Vestlandet» for Hordaland og Sogn og Fjordane.
Namna er korkje historisk eller geografisk godt nok forankra. Vestlandet? Det inkluderer jo Rogaland og Møre og Romsdal. Og kvifor Viken? Hallingdal og Numedal vil kjenna seg lite heime med eit slikt namn. Og «Oppland» ville vore det naturlege og historisk korrekte namnet etter ei samanslåing av Oppland og Hedmark, i staden for det forvirrande namnet «Innlandet».
Namnevala tydeleggjer at regjeringa ikkje har teke skikkeleg tak i saka. Det er for mange kompromiss – ingen god strategi for ei vellukka reform. I staden burde dei stått og falle på ei tydeleg og sjølvsagt ny inndeling – med definerte og klare oppgåver.
Problemet for regjeringa er at fylkesinndelinga i dag stort sett er god slik ho er. Reforma trengst ikkje – og innsparinga på administrasjonskostnadane på 11 prosent kjem til å koke bort i omstillingskostnader. Og kva skal vera valkrinsane ved framtidige stortingsval? Den viktigaste funksjonen til fylket i dag. Dagens fylkesinndeling medverkar til eit representativt Storting. Noko dei nye regionane som valkrinsar ikkje vil klara på same måten.
Ta Østfold – ei gamal fylkesinndeling – avgrensa mot Sverige i aust, mot Akershus og Oslo i nordvest, mot andre landskap med meir skog i nord, og mot havet og Danmark i sør.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.