Kommentar
I skuggen av purk eller skurk
Kontrastane i det norske medie- og rettssystemet er store – uavhengig av kutt i statsbudsjettet eller ikkje.
Leiar av mediemangfaldsutvalet Knut Olav Åmås leverte NOU-meldinga «Det norske mediemangfoldet. En styrket mediepolitikk for borgerne» til kulturminister Linda Hofstad Helleland i mars i år. Åmås meiner det er demokratipolitikk å styrke den kritiske og balanserte journalistikken og å sikre mediemangfaldet.
– Eg vil takke Mediemangfaldsutvalet for den grundige jobben dei har gjort, sa kulturministeren.
Takken presenterte ho i statsbudsjettet førre veke: kutt på 25,7 millionar kroner i pressestøtte.
Kutt i journalistikken
NJ-leiar Hege Iren Frantzen var raskt på bana og kritiserte det dramatiske kuttet. Ho fortalde at politikarar og dommarar i rettsvesenet registrerer at stadig færre journalistar er til stades. Det er alvorleg for demokratiet, rettsstaten og journalistikken. Sviktande finansiering gjer at det blir vanskelegare for journalistane å gjere jobben sin. Det er eit problem for heile samfunnet, meiner ho. Dei fleste kan vere samde i resonnementet.
Kutt i domstolane
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.