Heksa og musaEpistelWalid al-KubaisiDet var ein gong ei heks som bada i ei elv. Heksa såg ei sjarmerande mus som sokk i vatnet. Då heksa berga musa frå å drukna, forvandla musa seg til ei vakker brur som heksa straks tenkte å gifta bort til ein som fortent

Publisert

Det var ein gong ei heks som bada i ei elv. Heksa såg ei sjarmerande mus som sokk i vatnet. Då heksa berga musa frå å drukna, forvandla musa seg til ei vakker brur som heksa straks tenkte å gifta bort til ein som fortente ei slik vakker brur.

– Eg vil gifta deg bort til sonen til sola, sa heksa til brura.

– Nei, eg vil ikkje gifta meg med sonen til sola. Han er utan bein, og hendene hans brenn. Han opplyser verda på dagen og søv om natta, og har to koner: Lys og Skugge.

– Men han er den sterkaste, svara heksa.

– Det er ikkje sant, for skyene er sterkare enn eg og sonen min. Skyene får oss til å forsvinna når dei vil, sa sola.

– Gift deg med skyene då, sa heksa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement