God moralEpistelWalid al-KubaisiDå ein framandkar banka på, opna mannen i huset døra og spurde kva han ville. Mannen som stod på trappa, hadde på seg ei fillete kappe og fekk straks sympati frå mannen i huset.
Illustrasjonsfoto: Kevin Frayer / AP / NTB scanpix
Då ein framandkar banka på, opna mannen i huset døra og spurde kva han ville. Mannen som stod på trappa, hadde på seg ei fillete kappe og fekk straks sympati frå mannen i huset.
– Kva treng du, spurde han.
– Eg er fattig og lid naud. Eg håper du er gåvmild, sa framandkaren.
– Kvar kjem du frå? Er du verkeleg fattig, ville mannen i huset vita.
Den framande svara at han kom langvegsfrå, at han hadde flykta frå seg sjølv og dårlege handlingar han hadde stått for tidlegare.
– Gud eller livet har straffa meg no, og eg angrar. Eg var ein rik mann som korkje tok omsyn til fattige eller foreldrelause born. Eg brydde meg berre om å skaffa meg fleire pengar, uansett kostnad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.