Kommentar
Fredsprisen til mat og fred – eit femtiårsminne
Fredsprisen til Verdas matvareprogram (WFP) er godt motteken. At krig avlar svolt og svolt avlar krig, minner òg sterkt om grunngjevinga då Norman Borlaug i 1970 fekk fredsprisen for den grøne revolusjonen.
Nokre av pristildelingane på den tida fekk blanda mottaking, som då han gjekk til Henry Kissinger og Le Duc Tho, men årets tildeling kling godt. Når WFP no deler ut mat der han trengst mest, føreset det kanskje matoverskotet som den grøne revolusjonen skapte.
Norman Borlaug (1914–2009) var ein genetisk 100 prosent norsk, men etnisk 100 prosent amerikansk planteforedlar som såg Roosevelts New Deal og ny planteforsking lyfte amerikansk jordbruk ut av fattigdom. Visepresident Henry Wallace ville prøve modellen i Mexico som historias første landbruksbistand, ikkje matvarehjelp. Borlaug blei sett til å foredle kveitesortar bygde på den amerikanske suksessen mot rustsjukdomar. Kortare strå gjorde dei høgtytande med kunstgjødsel og vatning. I løpet av 50-åra auka avlingane sterkt i Mexico.
Lovande resultat
I 1964–1966 fortalde verdspressa stadig om hunger i India. Økologar skreiv bøker som drøfta om slike «overfolka» land «kunne reddast». Samtidig viste Borlaugs sortar lovande resultat nett der. Statsminister Indira Gandhi forstod at utan mat var India inga stormakt, og i 1967 spadde ho opp blomsterbedet sitt og sådde kveite. Den grøne revolusjonen var i gang. India dobla kveiteproduksjonen frå 1961 til 1970. For denne innsatsen fekk Borlaug – overmåte overraska – fredsprisen i 1970. Då var ei tilsvarande utvikling i gang for ris.
Det finst to «forteljingar» om den grøne revolusjonen. I «teknoforteljinga» var det ein historisk auke i matproduksjonen, bygd på nye teknologiar og framsynt politikk. I «miljøforteljinga» – som har dominert her til lands – var det ein lite berekraftig «fiks» bygd på importert teknologi, kunstgjødsel og fossilt grunnvatn som erstatta lokalt biologisk mangfald med storskala monokultur. Begge forteljingane inneheld korn av sanning.
Teknoforteljinga
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.