Frå fest til kvardag?

Noreg er no eit av dei rikaste landa i verda. Takka vere godt arbeid, men også takka vere ein god del flaks.

Publisert

Mykje av rikdomen vår skriv seg frå uttak av naturressursar som olje og gass. Ei fyrste bylgje kom med store funn i Nordsjøen. På 1970-talet gav dei ein bratt auke i reservane våre av olje og gass. Funna kom i ei gunstig tid, med god tilgang på arbeidsfolk med røynsle frå praktisk arbeid og problemløysing: sjøfolk og fiskarar, bønder og småbrukarar, handverkarar og entreprenørar.

Høge oljeprisar

Den andre bylgja kom i åra 2000–2015, med høge prisar på olje. Det gav ein dramatisk auke i statens netto kontantstraum frå olje- og gassverksemda. Inntekta til staten auka då frå om lag 100 milliardar kroner per år på slutten av 1990-talet til om lag 350 milliardar kroner per år i perioden 2000–2015 (rekna i 2017-kroner). I dette tidsrommet vart det overført over 3000 milliardar kroner til Oljefondet.

Den tredje bylgja kom med ny teknologi, som gav høgare utvinningsgrad enn venta i mange store felt. Den fjerde bylgja kom som ei eventyrleg finansiell avkasting i Oljefondet frå 2009 fram til 1. november 2017, då fondet nådde ein topp på 8234 milliardar kroner. Dette skjedde i ein periode med låge og fallande rentenivå. Ekstremt låge renter fremjar ikkje banksparing, og kapitalen søkjer seg då mot aksjar og eigedom og driv der opp prisar og verdiar.

Fartsblinde

Etter så mykje medgang vert me kanskje fartsblinde og toler lite motgang. Konsulentar, byråkratar, direktorat, oljeministrar og medium peikar på alt som kan gje endå meir suksess, med optimistiske prognosar og glad retorikk. Me rår over enorme havområde der me kan finna olje og gass, ikkje berre i Nordsjøen, men også i Norskehavet og i Barentshavet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement