Kommentar
Fem motiv for å myrda
Eg vart nøydd til å svara då ein ungdom spurde meg: Kvifor drep dei?
Spansk politi arresterer ein mann som dei mistenkjer er medlem i IS.Spansk politi arresterer ein mann som dei mistenkjer er medlem i IS.
Foto: Jose Jordan / AFP / NTB scanpixFoto: Jose Jordan / AFP / NTB scanpix
Frå min ståstad ser eg fem mogelege motiv for den jihadistiske terroren. Dei kan opptre kvar for seg, men heng saman som fingrane på ei hand, og om dei samlar seg, alle fem, tek dei liv.
MARTYREN
For gudlause er det absurd, men for truande er det gravalvorleg: Å falla i krig og døy som martyr sikrar deg ei æve i paradiset i staden for i helvetet.
I ein monsterbokhandel i Dubai, der Jo Nesbø dominerte inngangen, fann eg i barnebokavdelinga ikkje J.K. Rowling, men fargerike bøker som likna dei eg voks opp med på bedehuset heime: Forteljingar og illustrasjonar som synte at jorda var skapt for 6000 år sidan, at endatida var nær, og at livet på jorda hadde to utgangar: paradiset og helvetet.
Av di eg sjølv voks opp med evig fortaping som røyndom, kjenner eg helvetesfrykta som uroar mange muslimar. Ho slapp ikkje taket før eg vart vaksen. Som bibelomsetjar forstod eg korleis førestillinga kom inn i historia.
Protestantisk frelse på dødslægje og sotteseng er ikkje for alle. Massemordaren i Nice i juli i fjor hadde svikta familien og tradisjonane. Før åtaket vart han refsa og fekk kunngjort at han var fortapt. Dei om lag 500 drepne og skadde på strandpromenaden var eit wild card til paradiset. I det motivet ligg òg eit menneskesyn som høyrer til i ei passivaggressiv herrefolktenking.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.