Kommentar

Fatwaen vi aldri vert ferdige med

Den iranske leiaren Khomeini hadde stor suksess med fatwaen mot utgjevinga av boka Sataniske vers. Mange i Vesten valde å sjå ein annan veg når han sendte ut mordkommandoane sine.

Publisert

Denne veka kunngjorde politiet at dei har sikta to personar for å ha teke del i attentatet mot forlagssjef William Nygaard i Dagalivegen i Oslo 11. oktober 1993. Men om politiet finn dei som stod bak mordforsøket på mannen som utgav boka Sataniske vers av Salman Rushdie i Noreg, er vel også denne gongen heilt uvisst.

Likevel er det viktig at saka no er teken opp igjen: At freistnaden på å ta livet av William Nygaard blir henta fram i ljoset, kan kanskje få det norske samfunnet til å konfrontera seg sjølv med ei vanskeleg historie.

Kva det i botn og grunn handlar om, er noko av det vanskelegaste det norske samfunnet har vore gjennom dei siste par generasjonane: Korleis har me handtert det faktumet at nokon utanfrå verkeleg har ynskt å gjera oss vondt? Og korleis har me stilt oss til det problemet at det dei siste 40 åra har dukka opp ekstreme grupper i landet som ikkje er rotfesta i vestleg tenking, men har teke med seg ein ideologi som er henta frå dei mest ytterleggåande regima og rørslene i Midtausten?

«Satan Rushdie»

Det var nettopp i samband med Rushdie-saka dette dukka opp for fyrste gongen. Den 14. februar 1989 sende den iranske leiaren ayatolla Khomeini ut ein såkalla fatwa der han bad alle muslimar over heile verda om at dei så snart som råd måtte ta livet av forfattaren av Sataniske vers og alle som hadde med boka å gjera. Berre 11 dagar seinare, laurdag 25. februar, organiserte Det muslimske forsvarsrådet, godt hjelpt av den norske avdelinga av Pakistan People’s Party (sic!) ein demonstrasjon i Oslo. Toget hadde to offisielle parolar: «Nei til Satan Rushdies bok» og «For verdens fred – ja til religionens høyhet».

På førehand hadde dei muslimske forsamlingane i Oslo bede politiet om ekstra vern under markeringa. Det vart ikkje naudsynt. Dei einaste tilløpa til uro kom då éin mann og éi kvinne som stod langs ruta, vart angripne av det som på fjernsynsbileta såg ut som rasande demonstrantar. Plakatane som mannen og kvinna heldt opp, hadde påskrifta: «Ja til ytringsfrihet» og «Nei til religionsdiktatur».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement