Færre fordomarEpistelWALID AL-KUBAISII mange år høyrde eg om harry menn med gullekkje rundt halsen og thaikone. Då eg sette meg føre å reisa til Thailand, sa ei norsk veninne: «Du kjem til å møta desse typane alt på flyet. Gamle gubbar som har kjøpt seg fa
I mange år høyrde eg om harry menn med gullekkje rundt halsen og thaikone. Då eg sette meg føre å reisa til Thailand, sa ei norsk veninne: «Du kjem til å møta desse typane alt på flyet. Gamle gubbar som har kjøpt seg fattige thaikvinner.»
Etter tre dagar i Thailand byrja det fordomsfulle biletet å få nyansar etter at eg hadde nokre samtalar med thaikvinner. Dei seier at nordmenn er snille og rause. Dei fortel om den buddhistiske røyndomen, og at thaikvinner gifter seg med eldre nordmenn av di dei forelskar seg i den snille mannen som gjev dei økonomisk tryggleik. Det er kulturelle vilkår som er annleis i Noreg. I mange høve har kona eit barn eller to frå tidlegare ekteskap, og dei vert godtekne av mannen. Den norske mannen er difor ein ideell ektemann for ei vanleg thaikvinne.
«Nordmenn lever i ein eigen koloni isolert frå samfunnet.» Slikt høyrde eg før eg kom. Men eg oppdaga at den norske minoriteten i Thailand er godt integrert jamført med den muslimske minoriteten i Noreg. Vilkåret for at folk skal kunna leva saman i eit samfunn, er at dei må dela seng og bord. Nordmenn deler seng og bord med thailendarar. Dei gifter seg på tvers av tru og kultur, og dei et thaimat. Medan eg les om svinekjøtdebatten i Noreg på nettet, ser eg kor integreringsdyktige nordmenn er: Ein av dei fortalde meg at mora til thaikona laga nydeleg maursalat. Ein annan fortalde at han åt grashopper steikte med ris.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.