ErfaringarEpistelWalid al-KubaisiKvinnealder:– Lat oss høyra den eldste av dykk først.Då vart kvinnene tause. Ingen snakka meir om konflikten. Saka vart lagd til side.

Publisert

Kvinnealder: Tre kvinner hamna i ein konflikt som til slutt enda med politimelding og rettssak. Dei tre kvinnene snakka i munnen på kvarandre då dei skulle leggja saka fram for dommaren. Alle tre meinte dei hadde rett. Dommaren ynskte ro og orden og ville avslutta kaoset:

– Lat oss høyra den eldste av dykk først.

Då vart kvinnene tause. Ingen snakka meir om konflikten. Saka vart lagd til side.

***

Blinde fordommar: Ei ung kvinne sat på kafé og venta på ektemannen då ho vart var ein mann som sat og stira på henne. Ho vart irritert og vende blikket i aust og vest, men mannen heldt framleis blikket fast på henne. Ho tjuvkika på han, men han drog ikkje auga vekk frå henne. Då sette ho blikket i han, tydeleg arg. Han vart ikkje påverka av det.

Då mannen hennar kom, peika ho på den framande som sat og stira. Mannen såg på den ukjende personen som framleis ikkje lét blikket vike, reiste seg og gav mannen eit slag i andletet. Mannen fall på golvet, men fekk hjelp av ein kelner til å koma seg på føtene att. Han tok på seg mørke briller, plukkar opp ein kvit stokk og kjende seg fram for å finna vegen ut av kafeen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement