Eit vendepunkt for Trump?Pressekonferansen til Donald Trump tysdag denne veka er eit lågpunkt i presidentstyret hans så langt. Etter å ha fått massiv kritikk for å vere utydeleg i sine fyrste kommentarar etter dei høgreradikale og rasistiske demonstrasjona

Publisert

n Pressekonferansen til Donald Trump tysdag denne veka er eit lågpunkt i presidentstyret hans så langt. Etter å ha fått massiv kritikk for å vere utydeleg i sine fyrste kommentarar etter dei høgreradikale og rasistiske demonstrasjonane i Charlottesville, tok presidenten tydeleg avstand frå rasistane i talen han heldt på måndag.

n Men på tysdag snakka han igjen fritt og utan manus. Her var Trump òg tydeleg på at rasismen er vond og må bekjempast, men han rota likevel det heile til på nytt. Trump hevda at begge partane hadde skuld i valden som oppstod i Charlottesville, og at det var gode og dårlege folk på begge sider.

n Det finst grupper på den amerikanske venstresida som er viljuge til å gå langt i bruk av vald. Men det er ei avsporing her. I Charlottesville stod den eine gruppa fram som tydelege rasistar, medan den andre gruppa demonstrerte mot rasismen. Ein president i USA, med den historia landet har med rasediskriminering heilt fram til vår tid, kan ikkje stå og tala uklart til folket etter ein rasistisk demonstrasjon der liv til og med gjekk tapt. Presidenten må utvitydig fordøma dei høgreradikale kreftene.

n Det er vanskeleg i samtida å spå kva hendingar og situasjonar som kan få avgjerande verknader på historia. Men Trumps pressekonferanse tysdag kan vera ei slik skilsetjande hending. Trumps uklare tale vil uansett forsterka konfliktane i amerikansk politikk – òg langt inn i det republikanske partiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement