Kommentar
Ein siger i seg sjølv
Kvifor tok det so lang tid å få hoppkvinnene med i OL?
Då Maren Lundby landa fjellstøtt i botnen av bakken i Pyeongchang, tenkte eg: No kan resten av OL gå som det vil – ingenting kan toppa dette!
Det er sjølvsagt utilrådeleg å rangera OL-sigrar soleis. Men for meg og mange andre var rennet i Pyeongchang 12. februar 2018 noko meir enn eit olympisk hopprenn, på same måte som rennet i Sotsji i 2014 var noko anna enn ei vanleg OL-tevling. Desse renna er som ein siger i seg sjølv – ein siger over dei kreftene som i over hundre år har prøvt å halda jenter og kvinner borte frå hoppbakkane.
For sjølvsagt har kvinner heilt frå byrjinga hatt hug og dug til å hoppa på ski. Og mang ei skihoppande småjente, meg sjølv medrekna, har stolt kunngjort for omverda at «eg skal bli verdas beste hoppdame!», «Eg skal vinna OL-gull!».
Den draumen gjekk snøgt i knas. Det var visst ingen damer som hoppa i OL. Ikkje var det nokon hoppdamer med i VM heller. Det var ikkje hoppande damer på TV eingong. Kvar var alle saman?
Det byrja bra
På slutten av 1800-talet såg det ljost ut. Nokre av skiklubbane tok inn kvinnelege medlemer og skipa hopprenn for dei. I eit damelandsrenn i 1897 stilte over femti utøvarar til start. Likevel vart ikkje hopp nokon folkesport. Utetter 1900-talet hoppa gutar og menn og ei og anna småjente i dei mange bakkane som dukka opp, men kor mange tenåringsjenter og vaksne kvinner dreiv med slikt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.