Ein jobb å gjere Auka innvandring er den viktigaste årsaka til veksten i utgiftene til sosialhjelp dei siste åra, melde NRK førre veke. Nyhenda var basert på ein rapport
Auka innvandring er den viktigaste årsaka til veksten i utgiftene til sosialhjelp dei siste åra, melde NRK førre veke. Nyhenda var basert på ein rapport Proba samfunnsanalyse har laga for KS, og vart kommentert av innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug.
Ho sa: «Vi må sjå kva for krav til resultat og kvalitet vi set til kommunane, men også den enkelte. Det må meir krav til, trur eg, viss vi skal lukkast med å få folk til å kunne forsørgje seg sjølve, og det er vi heilt avhengige av at fleire gjer framover når takta på innvandringa har vore så stor. Og vi må også då ha ned takta på innvandringa.»
Dette er lettvinne konklusjonar frå statsråden som sjølv har overordna ansvar for integreringspolitikken.
Tala i rapporten er ikkje brotne ned på innvandringsårsak for innvandrarar som får sosialhjelp. Folk på flukt har stått for den største auken i innvandringa dei siste åra. Det kan ifølgje rapporten like fullt tenkjast at auken i arbeidsløysa frå 2013 til 2016 har gjeve særlege utslag i talet på arbeidsinnvandrarar frå EØS-området som får sosialhjelp.
Halvparten av Nav-leiarane som er intervjua, seier statlege tiltak og ordningar har bidrege til auken i sosialhjelp. Tre av fire seier regelverksendringar som har gjeve nedgang i den statlege bustønaden, har gjort at fleire i staden søkjer sosialhjelp.
Førre veke fekk Listhaug òg overlevert ei evaluering forskingsstiftinga Fafo har gjort av introduksjonsprogrammet kommunane skal tilby nykomne innvandrarar. Ei hovudinnvending der er at ordninga, som er eit av dei viktigaste verkemidla for at innvandrarar skal kome inn i arbeidslivet, i for lita grad er reelt arbeidskvalifiserande. Fafo-forskarane meiner tida er inne for «et nytt veiskille i integreringspolitikken, ved etablering av fagopplæring tilpasset nyankomne».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.