DumskapenEpistelWalid al-KubaisiTo froskar budde ved kvar sin by: Den eine etablerte heimen sin i eit hol nær byen Basra ved
Illustrasjonsfoto: NTB scanpix
To froskar budde ved kvar sin by: Den eine etablerte heimen sin i eit hol nær byen Basra ved Eufratelva. Den andre budde i ferskvatnet i Tigriselva nær byen Bagdad. Dei kjende ikkje kvarandre, men tilfeldigvis la begge to ut på ei reise samtidig for å sjå verda utanfor byen.
Ein vårdag drog dei av garde utan å vite om kvarandre. Bagdadfrosken drog mot Basra. Basrafrosken drog mot Bagdad. Dei var ikkje vande med å reisa, så turen var slitsam for begge to. Begge måtte over eit fjell, og dei sprang og hoppa heilt til dei kom til topps, slitne og andpustne.
Då froskane nådde toppen samtidig, såg dei undrande på kvarandre. Etter ei kvilestund snakka dei om reisa. At dei var på veg til å vitja byane til kvarandre, vart begge glade for.
– Det er uheldig at vi ikkje er høge nok til å sjå byen vi dreg til frå denne fjelltoppen, slik at vi kan finna ut om det er verdt å halda fram denne krevjande turen, sa frosken frå Basra.
– Å, det klarer vi lett. Vi kan stå på bakføtene medan vi støttar kvarandre med å halda handa i skuldra til den andre. Dermed får vi begge sett byane, meinte frosken frå Bagdad.
Basrafrosken vart imponert over framlegget og strekte seg med å leggja handflata på frosken frå Bagdad. Slik kunne dei stå oppreiste og hindra at dei fall. Men slik dei stod, vart andletet og augo vende attover mot byane dei kom frå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.