Det viktige skulebiblioteketI den stadig pågåande debatten om korleis ein skal skape ein god skule og korleis elevane skal læra mest mogeleg, bør utfordringa Utdanningsforbundet, Norsk Bibliotekforeining, Skolenes landsforbund og sju andre organisasjonar k
I den stadig pågåande debatten om korleis ein skal skape ein god skule og korleis elevane skal læra mest mogeleg, bør utfordringa Utdanningsforbundet, Norsk Bibliotekforeining, Skolenes landsforbund og sju andre organisasjonar kom med tidlegare i år, om at skulebiblioteka bør styrkast, takast alvorleg. Skulebiblioteka i dei fleste kommunane i landet er ikkje gode nok.
Utdanningsforbundet og dei ni andre organisasjonane vil at skulebiblioteket skal knytast meir opp til læreplanane, at mangfaldet i bokutvalet skal vere godt nok, at elevane får tilgang til meir og betre sakprosa, at biblioteka har lengre opningstider og at dei som har ansvar for skulebiblioteka, har god nok kunnskap om å driva bibliotek for skuleelevar.
For vi veit at di meir elevane les, di betre karakterar får dei. Og sidan den nye mobilteknologien er ein stor tidstjuv for born og ungdomar, må ein i større grad enn før oppmuntre og stimulere til boklesing.
Då bør skulebiblioteka bli ein større del av skulerytmen – ein sjølvsagt stad ein er innom så ofte som mogeleg. Ein stad ein har lyst til å koma til – ikkje berre nokre hyller med bøker i eit rom som er ope på avgrensa tidspunkt.
Temaet er ikkje nytt. Det har vore ein gjengangar i årevis. Kanskje kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er den som kan få gjort noko med saka? Det treng ikkje kosta all verda. Ein må starta med synleggjering av bøkene og vilje frå skuleleiinga til å gjere biblioteka jamt betre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.