Det autoritære TyrkiaDenne hausten blei den polske komponisten Chopin råka av eit heilt spesielt forbod. I Tyrkia meiner regimet at den verdskjende sørgjemarsjen hans minner om umoral.
Denne hausten blei den polske komponisten Chopin råka av eit heilt spesielt forbod. I Tyrkia meiner regimet at den verdskjende sørgjemarsjen hans minner om umoral.
Få musikkverk har same symboltunge gjenklang som «March Funebre» (sørgemarsj) av Friedrich Chopin. Gjennomgangstemaet er ein tung marsjtakt. Melodien er mørk og sorgfull. «March Funebre», frå 1837, set tone på offisiell sorg verda over. Det speler inga rolle om ein sørgjer i Argentina eller Korea. Slik var det òg i Tyrkia. Sidan 1937 har sørgjemarsjen blitt framført i tyrkiske offisielle gravferder – også når soldatar og politifolk har falle i kamp.
Det siste året har derimot Chopin fått gjennomgå i Tyrkia. Under ei rekkje offisielle politi- og soldatgravferder har sørgjemarsjen blitt tvinga til stille. Det heile byrja med at soldat- og politivener av den falne ropte «Allah Akhbar» (Gud er stor). Dei var rasande over at sørgjemarsjen til Chopin forstyrra feiringa av den nyleg falne «martyren». Det dei ikkje visste, var at dette raskt sette i gang ei nasjonal rørsle. Det tok ikkje lang tid før langt mektigare krefter i Ankara tok tak i saka.
I april gjekk Diyanet, det berykta tyrkiske direktoratet for religiøse saker, ut med ei proklamasjon: Chopins universelle sørgjemarsj burde bli forboden i offentlege sorgseansar. Som erstatning foreslo byrået eit verk av den ottomanske komponisten Mustafa Itri. Det er uvisst når han komponerte «Segâh Tekbiri» – 1 minutt langt; 7 minutt kortare enn Chopins marsj. Det er eit verk der tekst speler ei viktig rolle. Det opnar med «Allah Akhbar» – gjentekne gonger. Det ironiske er at stykket er vanskeleg å vandre sakte i takt til. Det var ein av dei gode effektane med Chopins marsj. «Segâh Tekbiri» er elles særs mollstemd og særs melankolsk. Tonaliteten er typisk for tyrkisk og anatolisk tradisjonsmusikk.
Trompetforbod
Då Erdogan godkjende forslaget den 12. september, la han og innanriksministeriet eit viktig forbodstillegg: All bruk av trompet er ulovleg.
Tyrkarar flest ser ut til å vere positive til denne endringa. For mange tyrkarar er Diyanets kampanjar ei velsigning. Ein har alt sett fleire døme på at det statlege byrået har skjerpa politikken sin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.