Den vise CeciliaEpistelWalid al-KubaisiAhmad var den vakraste mannen i landsbyen. Ein morgon var hendene hans dekorerte med henna. Forskrekka viste han hendene til faren, som vart arg. Å bruka henna var det same som å etterlikna kvinner, meinte han. Dei ne

Publisert

Ahmad var den vakraste mannen i landsbyen. Ein morgon var hendene hans dekorerte med henna. Forskrekka viste han hendene til faren, som vart arg. Å bruka henna var det same som å etterlikna kvinner, meinte han. Dei neste nettene hende det same, og faren oppmoda han om ikkje å sovne før han såg kven som kom.

Den neste natta låg Ahmad vaken då ein skare med nymfer kom flygande inn vindauget. Dei dekorerte hendene hans med henna før dei forsvann i mørkret. Då han fortalde faren kva han hadde sett, fekk han beskjed om å ta med seg nål og tråd og sy kleda til nymfene fast til kjortelen sin og sleppa alle utanom éi fri.

Ahmad gjorde som faren sa, fanga nymfene som bønfall han om å sleppa dei, og sa til den siste at ho måtte verta kona hans.

– Du kan leva opp til lovnadene til meg, Ahmad. Eg vil ha eit hus med sju rom stengde med ein lykel som du skal ta vare på, slik at ingen kan sjå meg, sa nymfa.

Ahmad bygde eit hus med sju rom til Cecilia, som nymfa heitte. Ahmad låste alle dørene med éin lykel. Då han drog på jakt, gøymde han lykelen i ein høysåte. Mor til Ahmad var nyfiken på løyndomen, fann lykelen og låste seg inn til Cecilia som sat og børsta det lange svaret håret sitt. Rommet lyste av venleiken hennar.

– Du kan ikkje vera kone til sonen min. Du er annleis enn oss. Reis dit du kom frå, ropa svigermora, låste døra og gjekk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement