Kommentar

Den negative parlamentarismenEtter at Knut Arild Hareide kom ut av skåpet som tilhengjar av ei Støre-leidd regjering, har Erna Solberg sete utrygt. Denne forma for parlamentarisme bør Noreg leggja bak seg.

Etter at Knut Arild Hareide kom ut av skåpet som tilhengjar av ei Støre-leidd regjering, har Erna Solberg sete utrygt. Denne forma for parlamentarisme bør Noreg leggja bak seg.

Publisert Sist oppdatert

Sidan slutten av september har det rådd unnatakstilstand i norsk politikk. Fyrst utpå kvelden i dag, 2. november 2018, blir det endeleg klart kva side Kristeleg Folkeparti fell ned på. Då får me vita heilt sikkert kven som styrer Noreg når julehøgtida tek til.

At me gjennom hausten har stått oppe i denne lett kaotiske tilstanden, er ikkje tilfeldig. Noreg praktiserer nemleg det som heiter negativ parlamentarisme. Det tyder kort sagt at eit fleirtal i nasjonalforsamlinga ikkje treng å støtta ei regjering. Det er nok at eit fleirtal i nasjonalforsamlinga ikkje gjev uttrykk for mistillit. Difor kunne Kristeleg Folkeparti etter valet i fjor melda at dei var i opposisjon, men at dei ikkje ville fella regjeringa til Erna Solberg. Og difor kunne Solberg bli sitjande utan at ho hadde støtte frå fleirtalet i nasjonalforsamlinga.

Statsministeren og laget hennar var nok etter valet glade for at dei ikkje måtte gå av sjølv om KrF erklærte at dei hadde vorte eit opposisjonsparti. Prisen som Solberg-regjeringa måtte betala, var det kaoset som har rådd denne hausten medan Kristeleg Folkeparti har vore i tenkjeboksen og ikkje visst om dei skulle gå til høgre eller venstre.

Når roa legg seg over norsk politikk om ei stund, bør ordskiftet koma: Er det føremålstenleg med eit system som fører til at ein i lange tider midt i ein valperiode ikkje veit om regjeringa har eller ikkje har støtte i nasjonalforsamlinga? Sjølv vil eg svara klart nei på det spørsmålet. Det er trong for å gå gjennom statsskikken vår for å sjå om han kan bli endra på nokre viktige punkt.

Investitur

Den stoda me har vore oppe i, hadde nemleg neppe kome opp om Noreg hadde hatt reglar for regjeringsdanning som er vanleg i dei fleste andre demokratiske landa i Europa. Der må eit fleirtal i nasjonalforsamlinga gje klart uttrykk for at dei anten stør regjeringa eller ikkje, kort sagt det ein kallar investitur. Om ikkje eit fleirtal i parlamentet stør ei regjering, blir ho ikkje danna. Om det ikkje er mogleg etter ei viss tid å danna ei regjering med støtte frå fleirtalet i parlamentet, blir det nyval, som me no ser at det kan bli i Sverige.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement