Den gylne regelenEpistelWalid al-KubaisiEin gamal mann hadde tre søner: Klok, Ærleg og Sterk. Mannen ville lære sønene livets største visdom. Han bad dei skaffa han ei frukt som voks berre ein gong kvart hundreår på ein stad langt borte i ein skog full av

Publisert

Ein gamal mann hadde tre søner: Klok, Ærleg og Sterk. Mannen ville lære sønene livets største visdom. Han bad dei skaffa han ei frukt som voks berre ein gong kvart hundreår på ein stad langt borte i ein skog full av monster og farlege dyr. Til avskil sa han til dei: «Hugs den gylne regelen!»

Sønene forstod ikkje kva faren meinte med den gylne regelen. Dei berre smilte, sa adjø og drog. På vegen fann dei ei hytte i skogen og banka på døra. Ein gamal mann opna, og dei spurde han om den sjeldne frukta. Jau, ho kunne koma frå eit tre i skogen som mannen visste om. Han kunne føra dei dit neste dag, men dei måtte overnatta hjå han, for det var langt å gå. Han var gamal og skrøpeleg og trong nattesvevnen.

Brørne vart glade og takka ja til tilbodet om overnatting. Den gamle mannen var gift med ei ung, vakker kvinne som kasta svoltne auga på Sterk. Sterk stira attende, men Ærleg kviskra: «Ikkje svik den gjestfrie mannen som tok imot oss med tillit og velvilje. Aksepterer du at nokon ser på kona di på same vis?»

Tidlig på morgonen vakna dei til frukost. Mannen leidde dei så til vegen som førte inn i den skræmande skogen. Etter ein halv dagsmarsj fann dei ein løveunge. Klok skulle til å drepa han, men Sterk stoppa broren og åtvara: «Du kjenner no at du er sterk, men hugs, det finst nokon som er sterkare enn du.»

Dei gav løva mat frå nista si og heldt fram. Etter nokre timar kom dei til staden som den gamle mannen skildra, og der fann dei eit tre som bar ei underleg frukt. Ærleg ville klatra opp for å henta ned frukta. Broren Klok stogga han og sa: «Ikkje alt som glimrar, er gull.»

Sterk forstod ordtaket då han såg ein sporv falla død frå greina etter å ha ete av frukta. Dei tre brørne innsåg at dei hadde teke feil av dette treet, og at frukta var giftig. Dei miste vona og trua på ekspedisjonen og drog heim att til faren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement