Kommentar
Dei mørkeblå
Nasjonalfronten har ein tvitydig retorikk som sankar veljarar frå mange ulike grupper.
Rassemblement Bleu Marine, «marineblå samling», heiter ei laust samansett rørsle omkring franske Front National, Nasjonalfronten (FN). Det seier litt om koss partiet vert styrt. Det er uttrykk for ein leiarfilosofi som går igjen i synet på statsstyring: Det må vere éin sterk leiar som avgjer alt. Partiet er elles proppfullt av nære og fjerne slektningar og ektefellar. Fleire sentrale ideologigjevarar opererer innanfor andre grupper, oftast med eit meir ekstremt uttrykk enn FN.
Antistatleg retorikk
I propagandaen gjer dette at ein kan samle opp mange røyster: antistatleg retorikk frå slike grupperingar, samstundes med at Marine vil verte statsleiar for ein sterk, korporativ stat der ho sjølv seier ho ser Putin som eit stort førebilete; antirasistisk tale frå Marine Le Pen, medan niesa Marion Maréchal-Le Pen talar om Le Grand Remplacement – «den store utskiftinga», altså at utlendingane vil kome i staden for dei eigentlege franske (français de souche), sjølv om netto innvandring ikkje er på meir enn ca. 100 000 på det meste, stabilt i mange år.
Dermed kan FN seie det motsette. Sidan Marine forbyr rasistiske fråsegner og jamvel har ekskludert faren Jean-Marie Le Pen or partiet av di han fornekta at holocaust hende og elles var jødefiendtleg, nøyer ho seg med å klage over systemet, som ikkje lenger verkar, ifylgje henne, grunna utlendingane. Marine er varsam med å tale om religion, og har faktisk verva muslimar til partiet.
Marion Maréchal-Le Pen, derimot, er svært ortodoks katolikk. Ho er ikkje berre mot homofile ekteskap, men mot homofili. Ho har, inspirert av stefaren Samuel Maréchal, talt mot sekularismen og for ein katolsk statsreligion. Ho har teke opp att den gamle høgresidas antiprotestantisme, og sjenerer seg ikkje for å trekkje fram «jødeproblemet» i diskusjonar om Israel. Det vart pinleg for henne då det vart avslørt at den røynlege far hennar var Mossad-agent – Roger Auque (død 2014).
Samuel Maréchal har gjeve viktige tilskot til aksjonen for «avdemonisering» av partiet etter Jean-Marie Le Pen – antisosialist, antirepublikanar, antigaullist og antisemitt – i pakt med mørkebrune og nazistiske grupperingar attende til 1930-talet, via nynazistiske grupper forbodne etter valdsam framferd mot studentopprørarane i 1968. Maréchal stengde av dette sporet, i og med slagordet «ni gauche ni droite» («korkje høgre eller venstre»), og la grunnlaget for påstanden om at FN er dei verkelege republikanarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.