Dansande prinsesserEpistelWalid al-KubaisiDet var ein gong ein konge som hadde tolv døtrer som han var glad i. Kongen merka at noko rart hende: Sjølv om han sjekka at døtrene hadde sovna om kvelden, og såg at skorne deira stod stilte opp langs veggen, var
Illustrasjonsfoto: Francisco Seco / TT / NTB scanpix
Det var ein gong ein konge som hadde tolv døtrer som han var glad i. Kongen merka at noko rart hende: Sjølv om han sjekka at døtrene hadde sovna om kvelden, og såg at skorne deira stod stilte opp langs veggen, var skorne utslitne om morgonen. Kongen kjøpte eit nytt dusin skor til dei, men neste morgon var dei godt brukte. Då kongen spurde døtrene om dei visste kva som var grunnen til dette, sa dei at dei ikkje visste.
Kongen sende bod til naborika om at han ynskte å få gåta løyst. Den som avslørte løyndomen, skulle få velja ei av dei tolv prinsessene til kone.
Mange prinsar og ryttarar kom til slottet for å finna svar, men etter få dagar utan løysing vart dei jaga av garde.
Ein ung mann som ville prøva lukka, la niste i skreppa og la i veg til slottet. På vegen møtte han ei gamal kone som bad om hjelp.
– Eg svelt, sa ho.
Mannen delte nista si med henne. Etterpå spurde ho kvar han var på veg. Han fortalde at han skulle til kongen og hjelpa til med å løysa eit mysterium.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.