Kommentar
¿ Avvisinga og gjenoppdaginga
Opprør. Protestval. Jordskjelv. Skred. Slitasje i leiande parti. Desse og alle moglege andre nemningar har sirkulert i media denne veka. Det er rettare å tale om ei avvising av ein sentralstyrt definisjon av politikk.
Lytt til artikkelen:
På tre område har partivesenet og dei politiske blokkene sprokke. 1) Tilliten til partia er monaleg svekt. 2) Skiljet mellom sentrum og periferi har stilt og roleg blitt eit stort tema. 3) Inndelinga i norsk politikk i ein høgre–venstre-akse er så godt som daud i distrikta.
Vi her «ute i distriktene» har prøvd å diskutere slik utvikling i lengre tid. Stortinget har gjeve frå seg hovuddelane av politikkmakeriet til direktorat, føretak, aksjeselskap, stiftingar og så bortetter. Slik kan eller vil ikkje rikspolitikarane gripe stort meir inn i helsepolitikk, energipolitikk, fiskeripolitikk, utdanningspolitikk eller kva det no er folk er opptekne av, enn det lokalpolitikarar kan. Motparten er eit andletslaust byråkrati. Dyktig, ja, men ikkje til å snakke med.
Ei mengd forlik
Når då Arbeidarpartiet laga ei mengd forlik med dei tradisjonelle motpartane sine i Stortinget, har det skapt ei meir føreseieleg utvikling på fleire område, mange fann det positivt. Det har likevel gjort det vanleg å tale med to tunger, særleg på den såkalla venstresida: Ja, vi er for forlika, men mot verknadene av dei. Spør ein, får ein vite at rikspolitikarane er bundne på hender og føter.
Når vi såleis spør kva tid kommunane får råd til å tilsetje nok lærarar og reparere skulebygga sine, er det lite hjelp i å få «Skolemat!» som slagord attende. «Kven skal betale», spør vi då. Frå grender «ytterst ute» i «distriktene» og til store byar lever vi då i uro over moglege budsjettkutt, og å fortelje oss at kommunane aldri har hatt så god økonomi, hjelper ikkje oss som kan lese budsjett. Når Ap insisterer på at helseføretaka skal halde fram som dei er, men jamt klagar over at det vert for mange deltidsstillingar, ikkje minst i helseføretaka, då sluttar vi å høyre etter. Når det knapt lenger finst fiskeripolitikk, men kvoteordningane er privatiserte og til fals i marknaden, er det vanskeleg å tru på politikk for distriktsnæringar. Slike døme kan vi ramse opp lenge.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.