Aukande valdVi opplever for tida meir vald og fleire masseslagsmål blant ungdom. Ofte er det lause ungdomsgrupperingar som av ulike årsaker brakar saman – ikkje éin person mot ein annan, men ti mot ti. Eller det kan vera vald der ein gjeng ungdomar bankar
Vi opplever for tida meir vald og fleire masseslagsmål blant ungdom. Ofte er det lause ungdomsgrupperingar som av ulike årsaker brakar saman – ikkje éin person mot ein annan, men ti mot ti. Eller det kan vera vald der ein gjeng ungdomar bankar opp utvalde eller tilfeldige einskildpersonar.
Og valden er grovare enn før. Politiet fortel at valdsutøvarane ofte held fram med å slå og sparka òg etter at offeret ligg nede. Og det skal ofte lite til før valden oppstår. Ein uheldig kommentar på sosiale medium kan føra til at nokre ungdomar bestemmer seg for å banka opp ein person.
Ein skal ikkje overdramatisera situasjonen, det er ikkje så mange det er tale om, men ein slik valdskultur – eller gangsterkultur – er alvorleg om han får utvikla seg. Fyrst og fremst for dei som vert utsette for slik vald. Men det fører òg til ei forråing av samfunnet og til frykt blant mange i ungdomsmiljøa. Difor må vi gjera vårt beste for å stogga denne utviklinga.
Kva gjer vi så? Fyrst må vi vita kva som er årsaka til den uheldige utviklinga. Deretter må ein satsa på førebyggjande arbeid. Men det er eit tiltak som det er provoserande lett og uforpliktande å koma med om ein ikkje fylgjer opp med nok ressursar. For førebygging er eit krevjande, langsiktig arbeid som må utførast av skulen, barnevernet og politiet.
Men valden vi no opplever, må òg møtast med konkrete tiltak mot ungdomane som står bak valden, med tydelege sanksjonar der foreldra er involverte i oppfølginga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.