Kommentar

August 1968: Byrjinga på slutten for kommunismen

Invasjonen i Tsjekkoslovakia for 50 år sidan var mykje meir enn ei valdtekt av eit lite, europeisk land. Det var signalet om at sovjetimperiet tok til å falla saman.

Publisert

Alle som opplevde morgonen den 21. august 1968, hugsar kva som skjedde: Då vi skrudde på radioen, fortalde hallomannen at Tsjekkoslovakia var hærteke.

Dei aller, aller fleste såg det som endå eit teikn på at Sovjet-blokka var solid heilt ned til botnen: Ein av byggjeklossane i imperiet hadde vore i ferd med å falla ut, men leiinga i Kreml hadde gripe inn. Militærapparatet til Warszawapakta verka etter oppskrifta. Over natta hadde troppeavdelingane gått over grensa til Tsjekkoslovakia. På nokre få timar var landet okkupert. I Warszawapakt-landa var det knapt protestar.

Etter invasjonen og fjerninga av partisjef Alexander Dubcek våren 1969 tok den såkalla normaliseringa til. Under leiing av Gustav Husak blei alle reformene rulla attende. Alle dei som hadde støtta Praha-våren, blei sparka frå jobben eller flykta til utlandet. Tsjekkoslovakia blei igjen ein lojal medlem av Warszawapakta.

Alle visste og skjøna at om folket hadde hatt noko å seia, ville Alexander Dubcek, ikkje Gustav Husak, ha vunne eit val overlege. Likevel blei resultata av invasjonen i Tsjekkoslovakia godtekne av nær sagt alle, i aust som i vest.

Vesten ville ikkje risikera ein tredje verdskrig for å forsvara dei austeuropeiske bufferstatane. I Aust-Europa var det få som ville våga livet når det likevel ikkje var utsikt til å styrta regimet. Sjølv om den sovjetiske økonomien var lite effektiv, hadde Sovjetunionen (les: Russland) meir enn nok ressursar til å halda oppe imperiet sitt. Partisjefen, Leonid Brezjnev, gjorde det klart at han ville invadera alle andre Warszawapakt-land som freista å gjera det same som Tsjekkoslovakia.

Eit stabilt diktatur

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement