Attraktive byar og tettstaderFredrikstad har fått Statens pris for attraktiv by 2017. Prisen skal framheva byar og tettstadar som har evne til å skapa «et levende og attraktivt sted å bo, arbeide og drive næring». Gratulerer til Fredrikstad!

Publisert

Fredrikstad har fått Statens pris for attraktiv by 2017. Prisen skal framheva byar og tettstadar som har evne til å skapa «et levende og attraktivt sted å bo, arbeide og drive næring». Gratulerer til Fredrikstad!

I prisgrunngjevinga vert tre kvalitetar framheva: gratis ferje som bind saman Gamlebyen, sentrum og Kråkerøy, revitalisering av sentrum som handlestad og inkludering av innbyggjarane i det konkrete utviklingsarbeidet.

Merksemd rundt stadutvikling er viktig, og Dag og Tid har temaet som eit av våre prioriterte felt. Det er avgjerande for mange av byane og tettstadane våre at dei klarer å laga gode og attraktive sentrumsmiljø. Det er ikkje nok med vakker natur for å få folk til å koma eller verta buande.

Her har norske byar og tettstadar svikta. Vi har rett og slett for mange – for å seia det pent – lite fine sentrum i dette landet. Den synest som om mange kommunestyre har gjeve opp og late kjøpesentera ta over som møtestad for innbyggjarane.

Vi ser sjølvsagt at det er vanskeleg å unngå kjøpesenterutviklinga, men dei byane og tettstadane som klarer å berga eit tett, men samstundes triveleg sentrum med ein gjennomtenkt homogen arkitektur, er ein attraktiv stad for mange. For å lukkast med dette må kvart hus bidra med arkitektoniske kvalitetar som styrkjer heilskapen. Satsinga på signalbygg er såleis ofte eit feilsteg. Sats heller på å vøla gamle hus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement